JESUS - GUDS LAM
Jesus, Jesus
- vedunderlege Frelsar
Du seier: Søk mitt åsyn!
No søkjer eg ditt åsyn, Herre!
Jesus, eg vil opphøya deg!
Eg vil prisa deg - Jesus!
Vedunderlege Jesus -
Du Guds Son -
vår yppersteprest
innfor Faderen!
Med ditt eige blod
-
som frå eit lytelaust lam -
gjorde du soning
for oss, Jesus.
For kvar den som -
påkallar ditt
navn
og søkjer livd hos deg
Jesus, eg søkjer livd hos deg no
Takk forat du tek
imot meg
slik eg er.
Nei, eg vil ikkje pynta på
noko
Eg kjem slik eg er, Jesus.
Innfor deg.
Jesus - eit ærleg og knust hjarta
er det
du vil ha, seier du.
Difor seier eg det
akkurat slik
det er
Eg vil ikkje pynta på noko
Eg vil ikkje
forsvara meg sjølv
Det var mi skuld, Herre!
Gjer
med meg kva du vil
Til min undring høyrer
eg:
So er òg synda di sona!
Gå bort i fred!
Er det sant, Herre!
Ja, det er sant!
Du seier:
Mitt Ord er sant og står fast!
Det var for di skuld
mitt hjarta brast!
Å, lukkelege dag
Børa er borte og sola skin
Skulda er sona og fuglane
syng
Ja - høyr kor vakkert -
fuglane syng idag.
Dei syng i dag-
fuglane og eg.
Kvidder-i-kvitt!
og halleluja!
J.R.
Tilbake