HERREN - MIN TILFLUKT.
Far i himmelen!
Takk
for ditt ord!
Takk for din lovnad!
Ordet
om at du er
og vil vera
mi tilflukt
og min styrke
- ei hjelp i trengsler
- funne såre stor!
(Salm.46,2)
Takk, Jesus!
Takk
- for at du er
mitt
skjold
og mitt vern
- for at du
har omsorg, Herre!
Ja, Herre
du har omsorg
for din
eigendom!
Du set englevakt,
Herre
-
rundt din dyrkjøpte
eigendom.
Jesus, min Herre
og min Gud!
Takk for du
gjev meg
lov og rett
å kalla deg det!
Difor trur eg
at du vaktar
og vernar meg, Herre.
Lova vera Herrens namn!
Frå eva. Til eva.
Ja, oppløft og pris Jesu navn
de hans folk!
Herren er ei hjelp
i trengsler
- funne såre stor!
Du Herre er mitt
banner
og mi tilflukt.
Ja, sæle
er dei
som tek si tilflukt
til deg, Herre!