MORGONBØN
           
          Halleluja! Halleluja!
          Ære vere Faderen, Sonen
          og Den Heilage Ande!
           
          Takk Far i himmelen -
          takk for ein ny dag
          med ny nåde frå deg -
          ny kjærleik - nytt liv!
           
          Å, Far, eg vil prisa deg
          for denne nye og
          underfulle dagen -
          takkar deg for at kvar dag
          er ei sjelden gåva
          og ein strålande mulighet
           
          Jesus - la meg lytta
          til di røyst i dag, Herre
          og la meg ferdast
          i dine ferdiglagte gjerningar!
          Og la meg vera
          eit villig reiskap
          i di hand i dag, Herre!
           
          Herre, min Herre,
          min Frelsar og Gud!
          Lova vere ditt namn!

                     
                                            J.R.

          Tilbake