PRISE
JESUS
Jesus, Jesus - ditt navn er
underfullt-
som duft frå tusen roser-
som sol på ei sommar-eng!
Jesus - eg vil opphøya deg!
Eg vil
lovsyngja ditt heilage navn!
Jesus - ditt navn
er ein salve!
Ditt navn er balsam!
Når livet tyngjer
og alt går imot-
då må eg søkja
deg, Herre!
Som eit barn som treng trøst
får eg koma innfor deg, Herre!
Eg kjenner
det er godt
å strekkja mine hender opp -
opp mot
deg - Far i himmelen-
opp mot deg - Jesus min Frelsar
opp til deg - Heilage Ande,
i deg , Heilage Ande.
Eg kjenner at dei harde knutane
løyser
seg.
Eg kjenner din kjærleik, Jesus
som ein varm
straum
Ja, det strøymer frå deg, Herre
nytt liv -
nytt mot -
ny kraft -
og forsonlege tankar...
Takk Jesus, Jesus -
vedunderlege
Jesus!
Ja - det er godt å prise Herren
og å
lovsyngja deg -
Du høgste!
I
sanning:
Det er godt å prisa Herren!
J.R.
Tilbake