OPPSTODA - EIN HISTORISK REALITET.                    *  Tilbake
 
  (Frå ei særoppgåve, skreve av Knut-Erlend Rosvold)
                               
                                      FORORD
Då eg skulle finna ut kva eg skulle skriva om, var eg veldig i stuss. Men til slutt bestemte eg meg for å skriva om det som eigentleg opptar meg aller mest, nemleg trua mi. Eg vil konsentrera meg om Jesus og hans liv her på jorda .Jesus hadde, og har eit enormt innhaldsrikt og hendelses rikt liv. Det gjer at det er praktisk talt umogleg å få heile hans liv inn i ei særoppgåve. Det kan vel også stadfestast ved å sitera Joh .21.25 der det står "men det er og mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast ned, kvar ting for seg, då meiner eg at heile verda ikkje kunne romma alle dei bøkene som då laut skrivast." Eg har derfor prøvd og konsentrera meg mest om oppstoda.   Ein annan grunn til at eg valgte akkurat denne oppgåva ,er at mange trur at det å vera ein kristen er eit sprang i blind tru. Det er sant at det er krav om eit skritt i tru. Men det er ikkje noko blindt tru-sprang, men eit skritt i tru basert på solide, historiske bevis. I løpet av oppgåva vil eg prøva og leggja fram ein del av desse bevisa. Eg vil syna at ein faktisk kan stola på det som står i nytestamentet, med vitskapen i ryggen.   Når ein skal undersøkja om ei historisk hending er sann, er det tre viktige ting ein må gjera fyrst. Ein må fyrst og fremst leggja vekk alle fordommar. So må ein høyra kva saken dreier seg om. For det tredje må ein vurdera det bevismateriale den byggjer på.   Eg vil gå raskt igjennom punkt 1 og 2. Mens eg vil gå grundigare inn i vurderinga av bevis materialet.     LEGG VEKK ALLE FORDOMMAR Det er viktig å leggja vekk alle fordommar, enten ein er for eller i mot kristendommen. Det er viktig å veta at ingen sanne kristne har interesse av å løyna fakta. Når alt kjem til alt følgjer dei ein som dei seier er Sanninga. Visst Jesus ikkje stod opp frå dei døde, burde dei kristne slutta og påstå at han gjorde det, forlata dei kristne rekkjer og slutta seg til humanistane.   Men det er ikkje fordommar blant dei kristne som er det store problemet. Det er meir vanleg og finna fordommar blant folk som av ein eller annan grunn, enten har ignorert eller avvist kristendommen. Ein del menneske er likegyldige og seier som so: "Kanskje stod han opp frå dei døde, kanskje ikkje. Kva vedgår det meg?". Denne likesela ser dessverre ut til å auka. Men dersom oppstoda har funne stad, so er den enormt viktig for kvart enkelt menneske på heile jorda.   Også teologien blir påverka av fordommar. Ein stor del av den moderne teologien, jobbar med og "avmytologisere"(som ofte vil sei det same som å bortforklara) bibelske hovudpunkt som inkarnasjonen eller Jesu oppstoda. Me må for all del ikkje presentera kristendommen, sei dei, slik at det blir vanskeleg for folk og tru. Denne tankemåten skriver seg frå Schleiermacher, filosofen og teologen som i det 18.århundre ville verna religionen mot historieforskinga og naturvitskapens kalde vindar.   Men dette fører berre til utvatning og øydelegging av den kristne trua. Enten er det sant, eller er det ikkje sant. Det går ikkje an å forandre og vri på Bibelen slik det passer folket. Og kva skulle grunnen vere til å forandre på det som står der, om det som står der ikkje er sant?   Då er det like godt å innrømma at det ikkje er sant og ta konsekvensen av det. Men om me verkeleg vil vera ærlege mot oss sjølve må me leggja vekk alle forutfatta meiningar og gå til kjeldene som kristendommen byggjer på, og sjå på kva dei fortel oss.   Den tredje typen fordommar er den me finn mest av. Den kjem av naturvitskaplege studier, og seier at oppstoda må utelukkast fordi den er naturstridig.   Det er to ting som er viktig å nemna når det gjeld naturvitskapen og oppstoda. Det fyrste eg vil poengtera er metoden naturvitskapen brukar. Den er gjennomført induktiv. Det vil seia at den tar utgangspunkt i enkeltfenomen og etter det forsøker den å nå fram til ei generalisering som kan forklara desse. Ut frå dette prinsippet er det ingen grunn til at Jesus ikkje kan ha stått opp frå dei døde. Det andre som er viktig å slå fast, er at me ikkje meiner at ein spesiell type menneske står opp frå dei døde. Det meinte ikkje dei fyrste forfattarane heller. For Jesus var ikkje ein av mange i den forstand, for i denne mannen møtte døden si overmakt. Det er difor god grunn til å tru at Jesus var like mykje Gud som menneske, slik Bibelen lærer. Han levde eit heilt spesielt og upletta liv. Kan det ikkje vera at eit liv som aldri feila i tilhøvet til Gud, óg kan ha makt over døden? Det er ingen i heile verdshistoria me kan setja i kategorien "syndfri" i lag med Jesus.   Så lat oss leggja vekk alle vitskaplege fordommar, og sjå på bevis materialet me har. Kanskje me vil finna ut at det faktisk har hendt. For så sant Jesus var eit menneske utan feil og lyte, og så sant han var meir enn eit menneske, slik sett, so kan me ikkje utelukka dette.     LAT OSS SJÅ PÅ PÅSTANDANE I dette kapittelet vil eg sitera ein del vitnesbyrd i frå Bibelen, men også i frå andre historikarar som levde i same tidsepoke. Eg vil begynna med det tidlegaste vitnesbyrd som er skrive. Det er skrive berre 20 år etter at det skjedde, og det er apostelen Paulus som gir oss dette:   "For eg overgav dykk mellom dei fyrste ting det som eg sjølv tok i mot: At Kristus døydde for syndene våre etter Skriftene, og at han vart gravlagd ,og at han stod opp på den tredje dagen etter Skriftene, og at han vart sett av Kefas, deretter av dei tolv. Deretter vart han sett av meir enn fem hundre brør på ein gong. Av desse lever dei fleste enno, men nokre er sovna inn. Deretter vart han sett av Jakob, deretter av alle apostlane. Men sist av alle vart han sett av meg då eg var som eit ufullbore foster. For eg er den ringaste av apostlane, eg er ikkje ein gong verdig til og kallast apostel , fordi eg har forfylgt Guds kyrkjelyd. Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore fåfengt, men eg har arbeid meir enn dei alle - det vil seia: ikkje eg ,men Guds nåde som er med meg. Anten det då er eg eller dei andre: Dette forkynner vi, og slik kom de til trua. Men når det vert forkynt om Kristus at han har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at det ikkje er noka oppstode frå dei døde?   Dersom det ikkje er noka oppstode frå dei døde, då har heller ikkje Kristus stått opp. Men har ikkje Kristus stått opp, då er forkynninga vår tomme ord, og den trua de har, er tom. Då vert vi ståande som falske vitne om Gud. For vi har vitna mot Gud at han har reist Kristus opp frå dei døde, noko han altså ikkje har gjort, dersom det er så at dei døde ikkje står opp. For dersom dei døde ikkje står opp, då har heller ikkje Kristus stått opp. Men har ikkje Kristus stått opp frå dei døde har de ei unyttig tru, og då er de enno i syndene dykkar. Då er og dei fortapte som er sovna inn i Kristus. Har vi berre i dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske. Men no er Kristus stått opp frå dei døde og har vorte fyrstegrøda av dei som er sovna inn." (1 Kor 15,3-20).     Desse versa er skrive av Peter ca. ti år seinare:   "Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, som etter si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, til ein arv som er uforgjengeleg, uflekka og uvisneleg ,og som er gøymd for dykk i himlane - de som ved Guds makt vert haldne oppe ved trua, til den frelsar som er ferdig til å verta openberra i den siste tid." (1 Pet 1,3-5)   Dette er berre eit ørlite utval av alle dei vitnesbyrda ein finn i Bibelen. Men det kan likevel ikkje vera nokon tvil om at oppstoda er og var heilt avgjerande, for dei som skreiv breva og dei som mottok breva.   Josephus var ein jødisk general som seinare vart historikar. Han skreiv kring hundreårskiftet og eg vil ta med eit avsnitt om Jesus, som han har skrive:   "Og på denne tida framstod Jesus, ein klok mann, visst han kan kallast ein mann, for han gjorde fantastiske gjerningar og lærte dei som med glede tar i mot sanninga. Han sigra over mange jødar også grekarar. Denne mannen var Messias. Og då Pilatus, på våre eigne ledarars oppfordring, hadde dømt han til døden på korset, forstumma ikkje dei som hadde elska han med det same. For han viste seg for dei igjen i live den tredje dagen slik dei heilage profetane hadde forutsagt. Dei uttalte og mykje anna fantastisk om han. Og endå har ikkje den kristne rase, som kallest slik etter han, dødd ut." (Antiquitates 18,3,3)   Dette stadfesta at det altså finst bevis for Jesu eksistens og oppstode utanfor Bibelen .Men eg vil framheva at vitnesbyrda frå Bibelen er mykje meir pålitelege enn nokon andre historiske skrifter frå same tida.   Mange vil påstå at nytestamentet er skrive for so lenge sidan at det sannsynlegvis er forandra mykje i løpet av åra. Om det er slik eller ikkje, det kan me vita ganske sikkert på grunn av ein vitskap som kallast tekstkritikk. Den går fram slik, at jo fleire tekstar me har, jo mindre blir tvilen vedrørande originalen. Den avdøde professor F.F. Bruce (professor i bibelkritikk og eksegese ved universitetet i Manchester) peikar på kor godt det nye testamentets manuskript er stadfesta. I fylgjande tabell kjem dette klart fram. Legg merke til dei overlegne bevisa for Det nye testamentet.  
Etter lengre tidsrom det er mellom nedteikninga og eldste kjente eksemplar, og etter færre manuskript det er, etter større blir tvilen om at skriftene er autentiske.   Sjølv om Herodotus, Thukydid, Tacitius, Cæsar, Livius og fleire andre stiller nokså svakt i denne sammenheng, er det ingen av dei som forskar på klassisismen som betviler at desse skriftene er autentiske. Men når det gjeld Det nye testamentet har me ein stor mengde med manuskript. Det blei skrive mellom år 40 og år 100 e.kr. Det finst fyrsteklasses manuskript av heile Det nye testamentet som er skrive heilt tilbake i år 350, berre 300 år etter originalen. I tillegg kjem papyrus dokument i frå same tidsalder, pluss fragment i frå Johannes evangelium som stammar i frå ca. år 130. Det er over 5000 greske,10000 latinske, og ca. 9300 andre manuskript. I tillegg kjem meir enn 36000 sitat frå skriftene hos dei eldste kyrkjefedrane.   Professor F.F.Bruce oppsumerar, med å sitera Sir Frederic Kenyon, ein ledande forskar på området.: "Tidsspranget mellom den opphavlege nedteikninga og det eldste eksisterande bevis, blir so liten at den faktisk kan oversjåast, og den siste rest av tvil om at Skriftene er overlevert til oss slik dei faktisk blei skrivne, er no fjerna. Det nytestamentlige skriftenes ekthet og generelle integritet kan no ansjåast for å vera endeleg fastslått".     Eg vil og sitera den berømte vitskapsmannen Ambrose Fleming når han uttaler seg om dette:   "Me må spørja oss sjølve om det er sannsynleg at ei slik bok, som skildrar hendingar som fant stad 30-40 år tidlegare, ville ha blitt akseptert og verdsett dersom dei unormale hendingane den omtalar, hadde vore usanne eller oppdikta. Det er umogleg, fordi alle eldre menneske har god hukommelse når det gjeld slike ting som hendte 30-40 år tilbake i tida. Ingen ville no kunna forfatta ein biografi som var full av usanne anektdoter om dronning Victoria som døydde for 31 år sidan. Dei ville bli motsagt med ein gong. Dei ville so absolutt ikkje bli allment akseptert og godtatt som sanne. Av same grunn er det også høgst usannsynleg at det evangelia fortel om oppstoda er funne på. So teorien om at kristendommen byggjer på ei myte, må fråfallast. Den heldt ikkje for nærare gransking."     GRANSKING AV BEVISMATERIALET   Det er nokså sikre bevis på at Jesu oppstoda faktisk har skjedd. Høgsterettsdommar Sir Edward Clarke sett det heile i eit interessant perspektiv når han skriv:   " Som jurist har jeg foretatt en omfattende undersøkelse av bevismaterialet omkring det som hendte påskedag. For meg er bevisene avgjørende, og jeg har mer enn en gang avgitt kjennelse i retten på grunnlag av langt mindre overbevisende utsagn en disse. Som jurist aksepterer jeg uten forbehold evangelienes utsagn som sannferdige menneskers vitnesbyrd om noe de kunne gå god for."   Eg vil og ta med eit sitat i frå Thomas Arnold. Han er rektor ved Rugby og har vore professor i historie ved Oxford:   "Jeg har gjennom mangen år vært vant til å studere tiligere tiders historie og å undersøke og prøve holdbarheten i det som har vert skrevet om dem. Og jeg vet ikke om noe i menneskehetens historie som har vert bedre og grundigere dokumentert slik at den ærlige søker kan finne svar, enn det store tegnet Gud har gitt oss, da Kristus døde og deretter stod opp igjen fra de døde."     Desse to med mange fleire vil gå god for oppstoda som eit historisk faktum.   Dommen mot Jesus, var jo inga hyggeleg hending. Romarane var fullt klar over at det var snakk om dødsdom, og dei såg at folket støtta dommen som blei avsagt. Før han blei korsfesta gjennomgjekk han ei søvnlaus natt der han måtte gjennomgå to avhøyr, og vart piska av dei romerske soldatane, med dei mest grusomme pisker. Berre piskinga var nok til å drepa mange menneske.   Men døde han verkeleg ,og stod han verkeleg opp igjen? Dette vil eg sjå nærare på i dei neste punkta.   JESUS VAR DØD. Han døydde på berre seks timar. Det kom deretter fire bødlar for å undersøkja om han verkeleg var død. Desse bødlane viste kva dei gjorde, det var ikkje fyrste gongen dei var med og krossfesta nokon. Dessutan hadde dei sjølve høyrt Jesu siste dødsskrik og dei var klare til å avgje døds-attest til landshovdingen Pontius Pilatus. Men dei ville vera heilt sikre. Difor stakk dei eit spyd i sida på Jesu lekam, og då skjedde det noko underleg, og det er augevitnar som kan fortelja at det kom ut "blod og vatten" frå sida på Jesus.(Joh.19,34-35) Dersom Jesus hadde vore i livet ville det komme strålar av blod ut av kroppen hans i takt med hjarta hans. I staden såg augevitnet at det kom halvt storkna mørkeraude klumpar klart avskilt frå det blanke serumet. Dette er eit teikn på at blodet hadde begynt å levra seg i blodårane, og det er rekna som eit svært sikkert teikn på at personen verkeleg er død. Ein annan ting som kan vera verdt å tenkja litt på, er at evangelisten umogleg kan ha vore klar over kva dette betyr for ein patolog. Likevel har han lagt so mykje vekt på det..     JESUS VART GRAVLAGT Jesus vart gravlagd i ei klippegrav i nærleiken av der han døyde. Denne grava tilhøyrte den so langt ukjente disippelen Josef frå Arimatea. Kroppen til Jesus vart svøypt i strame linkler og dekka med vellutande salve. Johannes skriv at dei brukte omtrent hundra pund på salve.   Michael Green konkluderer dette i si bok "Dagen da døden døde" slik: "Slike detaljer utelukker teorien om at Jesus ikke var helt død, og at han voknet til livet i den kjølige graven, snek seg ut, og overbeviste sine godtroende disipler om at han var stått opp fra de døde".   Det å påstå at Jesus ikkje var heilt død, og å utelukka dei sterke bevisa på at Jesus verkeleg har stått opp frå dei døde, stammar i frå Schleiermacher i 1799, og den fekk nytt liv gjennom Hugh Schonfield i boka "The Passover Plot". Den legg vekk alle bevisa som: Jesu dødelege sår, bødlanes omhyggelege undersøkjelse, blodet og vatne, mangelen på menneskeleg hjelp, den forsegla grava, den tunge vekta av salven og dei sammansunkne linkleda. Dessutan er det ein stor psykologisk brest med denne teorien. Korleis skulle ein halvdød man, som nettopp var komen ut av grava si, og som då trengte øyeblikkelig hjelp til å forbinda såra sine, kunna overbevisa sine tilhengjarar om at han var herre over liv og død?.   Om me då godtar at Jesus døde og vart gravlagd. Kva for bevis har me for at han stod opp igjen den tredje dagen?     GRAVA VAR TOM ! På påskedag, tidleg om morgonen, kom det nokre kvinner til grava for å visa Jesus den siste æra. Det ville dei gjera ved å salva kroppen hans ,og dei vart sønderknuste då dei såg at Jesu kropp var borte (Joh.20,2).   Det er vel nesten ingen som nokon sinne har påstått at Jesu grav ikkje var tom på påskedagen, bortsett frå ein. Han heiter Kirsopp Lake og han meiner at dei gjekk til feil grav!. Var dette sant, ville ikkje styremaktene då setja i gong med å finna Jesu lekam , visst det var nokon sjans til å finna han?. Ville det i det heile blomstra opp ein religion, med nesten to milliardar tilhengjarar, basert på at nokre kvinner tok feil av grava i grålysninga på påskemorgonen? Nei, den teorien er alt for svak. Grava var tom. Det var både vennar og fiendar einige om. Taktikken som jødane brukte var å gje ein naturleg forklaring på kvifor grava var tom. Dei sa at Jesu disiplar hadde stole kroppen frå grava(Matt 28,12-15). Dette er i seg sjølv ein stadfesting på at grava verkeleg var tom.   Kva vil det so innebera at grava var tom? Og kvifor var den tom fyrste påskedag? Dersom Jesu lekam ikkje var reist opp av Gud, men flytta av menneske, kven skulle då hatt interessa av dette? Det er to grupper som er aktuelle i denne samanhengen. Enten var det fiendane hans eller var det venane hans. Det er mest nærliggande og mistenkja disiplane. Men etter meir ein tenkjer den tanken, etter meir umogleg blir han. Dei kunne ikkje tatt Jesu lekam av den enkle grunn at det var satt vakt ved grava. Mange vil sjå bort frå denne forklaringa fordi vaktene berre er omtalt i eit av evangelia. Men eigentleg verkar det ganske sannsynleg. Dessutan er den stadfesta i to av dei apokryfe skriftene frå det 2.århundre og av forstandige kristne forfattarar som filosofen Justin og juristen Tertullian. Dei er og frå det 2.århundre. Og i ein slik blanding av lov og intriger det var på den tida i Judea, er det ikkje anna og venta.   Men sjølv om grava hadde vakter, forhindra ikkje dette at grava var tom den tredje dagen. Då måtte prestane finna på ein lite overbevisande historie, om att vaktene hadde sovna på post, og mens dei sov kom disiplane og stakk av med liket (Mat 28,11-15). Denne historia var ikkje særleg bra for moralen, men den var betre enn å innrømma noko oppstode. Men den forklaringa har ei stor brest. Korleis kunne vaktene vita at det var disiplane som stal liket dersom dei sov?. Og når prestane kjem med denne forklaringa so stadfestar dei samstundes at det var vaktar ved grava. Den einaste forklaringa som er igjen då, er at det var vakthald, men det hadde ikkje forhindra oppstoda.   Og i tillegg til at det var vakthald, so var det ein diger stein framfor grava. Dette gjer det svært vanskeleg å tru at disiplane har flytta Jesu lekam. Men om dei hadde kunna, ville dei ha ynskt det? Etter alt å døma hadde disiplane mista motet fullstendig. Dei følte det som om dei hadde satsa alt på ein tapar. Det dei ville gjera no var å gøyma seg vekk, og prøva og gløyma heile fiaskoen. Men om det likevel var desse menneska som gjorde det, korleis skal ein då kunna forklara det som hendte etterpå? Med iver og glød forkynte dei at Jesus var stått opp frå dei døde, og ingenting klarte å stoppa dei! Overtydinga deira var so sterk, at verken tortur eller død fekk dei til å benekta at Jesus var stått opp frå dei døde. Er det sannsynleg at nokon kan gå ut med so sterk tru på ei løgn dei har laga sjølve?   Og det er endå mindre sannsynleg at Jesu fiendar har henta liket i grava. Dei hadde jo omsider fått han akkurat der dei ville. Då måtte dei vel ynskja å behalda han der og. Og om dei hadde vore so ubegripeleg dumme, så hadde dei ikkje nølt med å ta liket fram for å stoppa munnen på dei fyrste forkynnarane. Nei, at Jesu fiendar har flytta liket, er ein tanke me kan sjå heilt vekk i frå.   Ein ting til som er eit taust vitne på Jesu oppstode er linkleda som låg igjen. Når me les om oppstoda i Bibelen kan me lesa:   "Simon Peter kom no etter, og han gjekk inn i grava. Han såg linkleda som låg der, og at svetteduken, som hadde vore over hovudet hans, ikkje låg saman med linkleda, men var lagt saman på ein stad for seg. Då gjekk den andre læresveinen og inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde."   Det som gjorde so sterkt inntrykk på Johannes var att linkleda var som ei puppe etter at sommarfuglen har forlate den. Det klede Jesus hadde hatt over hovudet var også tomt dette hadde behaldt fasongen etter at det hadde vore vikla rundt hovudet på Jesus. Korleis kan ein forklara dette? Ein ting er sikkert, ingen gravrøvar hadde klart å få til noko slikt. Om Jesus berre hadde vakna til livet igjen ,so ville han sannsynlegvis enten hatt klerne på, eller lagt dei til sides. Slik som klerne var forlate no, såg det ut som om Jesus var reist opp til ein ny form for liv, til ein annan eksistens. Dette var teikn som overbeviste Peter og Johannes. Kva med deg?.     JESUS VISTE SEG ETTER OPPSTODA. Den tomme grava ville i seg sjølv ikkje ført til noko anna enn forvirring. Men det var det at Jesus viste seg i livet for mange menneske, som gjorde at det fekk so enorme følgjer. I løpet av seks veker viste Jesus seg for: Maria Magdalena (Mark 16,9;Joh 20,1-18), for kvinnene(Matt 28,9-10), for Simon Peter(Luk 24,34;1 Kor 15,5), for disiplane på veg til Emmaus (Luk 24,13-31), for dei elleve og andre disiplar(Matt 28,16-20; Luk 24,36-49;Joh 20,19-23;21,1-14;Apg 1,3-9;1 Kor 15,5-6), for Tomas (Joh 20,24-29), for Jakob 1 Kor 15,7), for Josef og Mattias (Apg 1,22-23),for meir enn fem hundra brør på ein gong (1 Kor 15,6), for Peter og Johannes(Joh 21,15-24) og for Paulus (Apg 9,44ff; 1 Kor 9,1;15,8) Desse openbaringane for enkeltpersonar, og grupper av menneske, både for menn og kvinner, på alle moglege plassar, dannar alle i lag eit vitnesbyrd som alle burde tatt på alvor.   Det som mange vil sei om dette er at det var hallusinasjonar. Denne hallusinasjons teorien kan til å begynna med virka ganske forlokkande, men den har ein heil del alvorlege brest:   Hallusinasjonar opplever ein vanlegvis individuelt. Ein mann kan tru han er eit forlorent egg. Men det er ikkje vanleg at mange menneske med heilt forskjellig bakgrunn lir av same vrangfôrestilling.   Hallusinasjonar førekjem vanlegvis når folk har higa etter noko spesielt i årevis. Eit ønske blir på ein måte mor til ein tanke. I denne samanheng er det ikkje noko ynskje som blir oppfylt. Det var ingen av læresveinane som forventa at Jesus skulle stå opp frå dei døde. Hallusinasjonar sluttar heller ikkje, plutselig. Den som lir av hallusinasjonar blir ikkje kvitt denne lidinga utan videre.   Hallusinasjonar opptrer vanlegvis for bestemte personar til ei bestemt tid og på ein bestemt stad. I dette tilfellet kunne spreiinga vanskeleg ha vore større. Openbaringane fant stad tidleg, midt på dagen og seint på kvelden. Den føregjekk på sjøen, på vegen, på den øvre sal og i hagen. Og dei som fekk oppleva desse openbaringane var heilt forskjellige personar.   Kort sagt: Openbaringane var uavhengig av tid, stad og type personar. Alle desse argumenta talar sterkt i mot at Jesu oppstode var ein hallusinasjon. Og det var det heller ikkje, for Jesus sigra over døden,og lar oss ta del i den sigeren den dag i dag! ETTERORD No har eg gjennomgått dei fleste av argumenta for og imot Jesu oppstode. Og konklusjonen av det, trur eg må bli, at det er liten eller ingen tvil om at Jesus verkeleg stod opp frå dei døde. Dette er nødt til å ha enorme konsekvensar, ja for ikkje å seia uendelege konsekvensar for kvart enkelt menneske på heile jorda. For det betyr at det ER eit liv etter døden, og det har vore klart heilt sidan den dagen da døden døde. Ikkje gå glipp av det!!.       KJELDELISTE   *Nicky Gumbel "Livsviktige spørsmål" *Michael Green "Dagen da døden døde" *BIBELEN