Syndebukk.
Vi veit vel alle kva
ein syndebukk er - ein som må bæra skulda for
andre når noko gjekk gale.
Det vi kanskje ikkje tenkjer på, er at dette er eit bibelsk
omgrep med
eit sentralt kristent innhald.
"Og bukken skal bera alle misgjerningane deira med seg ut i
villmarka....."
(3.Mos.16,22).
Både bukkar og lam blei nytta som offerdyr, og Bibelen kan
fortelje oss at
Jesus frivillig, på ein måte blei syndebukk og samtidig óg eit
soneofferlam
for alle menneske, slik det står i Joh.1,29: Sjå der Guds lam,
som ber verdsens synd (Joh.1,29).
Synd og skuld er såpass handfaste realitetar i eit
menneskeliv, at ingen
av oss er ukjent med det. Når tyngda av dårlege gjerningar
byrjar å
plaga eit menneske, er det strengt tatt berre to måtar å
reagere på:
1) Ta alt innover seg og fortvila.
Eller 2) Leggja skulda på andre.
Eit plaga samvit vil måtta velja eit av desse to alternativa.
Skuld må alltid behandlast på ein eller annan måte. Sjølv om
ein
bevisst unngår å ta stilling til skuld som melder seg, og
sjølv om
ein trur ein berre kan sjå forbi synd som er gjort, so vil ikkje
dermed
skuld berre dufta vekk av seg sjølv. Nei, det vil då heller
berre bli verre
og verre, og meir og meir betent.
På den andre sida vil menneske som lett tar all skuld innover
seg,
bevisst eller ubevisst byrja å straffa seg sjølv, kanskje i
form av
hardt arbeid, eller at ein ofrar seg på ein eller annan måte.
men det er òg mange døme på at fortvilinga kan verta så stor,
at eit menneske
ikkje makta å bæra det.
Kva seier så Bibelen om dette?
Då viser det seg at Guds ord har mykje å sei om nettopp dette.
Ja, det kan sjå ut som om dette med synd og skuld som mennesket
vil pådra seg, var noko av det første Gud tenkte på - og noko
som
blei ordna «før verda vart grunnlagt».
Sjå f.eks. Joh.17,24 og 1.Pet.1,19-20.
Skaparverket er nok ikkje utan plan, slik enkelte trur - difor
har heller
ikkje dette viktige momentet vorte utegløymt av Skaparen.
Ulukka i dag er at mange born og unge ikkje får del i dette, og
difor slit
sjølv med det Skaparen har ordna på annan måte. Dei ser at
foreldra «fuskar»
og byrjar etterkvart å «fuska» sjølv på dette plan.
Trur du ikkje Skaparen visste at mennesket kom til å feila og
synda,
både andsynes andre menneske og andsynes Skaparen sjølv?
Og trur du ikkje han visste at dette etterkvart ville bli ei slik
tung bør
at mennesket sjølv ikkje ville makta å handsama syndebøra si?
Difor peikar døyparen Johannes på Jesus og seier: «Sjå der
Guds lam,
som ber verdsens synd!» Joh,1,29.
Og difor kunne apostelen seia: «For medan vi endå var
skrøpelege,
døydde Kristus til fastsett tid for ugudeleg». Rom.5,6.
Det er all grunn til å spørja: Kva gjer vår tids menneske med
syndene sine?
Korleis blir dei handsama?
Dei må nemleg handsamast på ein eller annan måte.
For meg ser det ut at dei fleste veljer alternativ 2) - å leggja
skulda på
andre, på samfunnet, på foreldra, på dei styrande, på
«systemet» o.s.b., o.s.b.
Det kan sjå ut som om dei fleste miljø har trong til å utnevna
ein eller
fleire «syndebukkar» eller «hoggestabbar». Synda
må jo berre plasserast
ein eller annan stad! Det er mentalhygiene å gjera det!
Vi sa at det strengt tatt berre er to måtar å reagere på
når synd og skuld
tyngjer samvitet hos eit menneske: 1) At ein tek skulda inn
over seg,
og vert fortvila. Eller 2): At ein leggje skulda på
andre.
No syner Guds ord oss eit tredje alternativ
- og nettopp fordi dette reint
menneskeleg er både utenkjeleg og ufatteleg, so syner dette oss
samstundes
at dette ikkje kan vera noko som har sitt opphav hos noko
menneske,
men må koma frå Skaparen.
Det tredje alternativet blir då slik: At eg tek den
skulda som verkeleg er mi
skuld, inn over meg - og blir fortvila, ja - men at eg i mi
fortviling får høyre
frå Guds ord: Sjå der Guds lam som ber synda og skulda di, og
synda og
skulda åt alle menneske!
Då kan eg glytta opp att, og eg undrast: Er det verkeleg sant?
Ja, so sant som Bibelen er grunnlaget for heile vår
sivilisasjon, og so sant som
Bibelen har stått urikka i tusenar av år, difor kan du òg
ganske trøstig tru på
dette livgjevande bibel-ordet!
Då kan eg i mi fortviling sei til Gud: «Mi synd er stor, og mi
skuld er tung,
men er det sant det ordet ditt seier, at Jesus tok all synd og
skuld på seg,
då vil eg her og no tru dette, og be deg Jesus ta deg av mi synd
og skuld.»
Om du slik tør å «kasta deg på» Gud, skal du sanneleg få
erfare at det
er realitetar i dette Bibelen lærer! Du skal merka at Gud lyfter
børa av!
Og eigentleg: Er det ikkje helst dumt å gå å slite med si synd
og skuld,
og heile tida måtta fuska, bortforklare og skulda på andre
o.s.b, når Gud
vår Skapar alt for lenge sidan har ordna med ein universell
syndebærar,
der eg og du heilt legalt kan plassere alt snusk vi stadig
pådreg oss?
Ein har sagt det slik: «Hadde du berre visst kor mykje tid og
energi
folk brukar for å rettferdiggjere seg sjølv, til ingen nytte -
medan dei lar
Guds lam, som verkeleg kunne setja dei fri, vera uprøvd - ja,
då ville du
blitt forundra».